Inga framtid for Skudenes utan eit godt fiskeri, blei det hevda i1885

Link til originalpost

Dei pantsette dyra, her med ein representert frå Totlandsgarden.

Sjevrei,  Grådua, Plomvei, Meldvis, Sofie, Mørkrei,  Svartsi, Rødside, Svarsia, Rousia, Skautrei, Rodrei, Brandrei; Kva har dei felles? Jo, dei blei pantsette fordi bonden ikkje kunne betala gardsskatten i tide. Då måtte han gå den tunge vegen til lensmannen i følgje med to vitner som kunne signera panteseddelen, som var ein handskriven liten lapp. På den vesle lappen stod det kva for eit dyr som skal vera pantet, og gjerne også verdien. I 1880 var ei ku sett til kr 60,-. Og namnet på kua måtte vera med, saman med nokre ord om korleis ho såg ut, så ikkje bonden blei frista til å levera ei ku som var mindre verd om så galt skulle vera at kua måtte leverast inn.

Og korleis gikk det om kua måtte vekslast inn i pengar? Jo, då hadde bonden enda dårlegare grunnlag for å tena nokre kroner så han kunne brødfø familien og betala gardsskatten året etter. Dermed måtte kanskje ei ny ku pantsetjast, og den vonde spiralenen var i gong.

Avhengig av fisket.
Når eg har arbeid med boka “Alt vel”, der Skudenesbuen drog til Island for å fiska sild og opplevde storstormen der, har eg undra meg over kva som fekk dei til å dra den lange og farlege vegen over havet. Svaret er vel ganske enkelt: Dei måtte skaffa mat til familiane sine. Og når silda forsvann frå Karmøystrendene, måtte dei følgja silda der ho var.
Fisken, og særleg silda, la grunnlaget for framveksten av Skudeneshavn som by. Og mange trudde det ikkje kunne komma noko godt “etter silda”:

Tiderne og skattebyrdene er forøvrigt meget trykkende på dette sted der kun kan oppretteholdes med gode fiskerier.  (Stavanger Amts- og Adresseavis, 16.4.1885, skrive som ein kommentar til orkanen i Eyjafjord hausten før).

Men Skudenesbuen har tilpassa seg nye tider. Og det vil dei gjera på ny og på ny og på ny! Det er det greitt å ha i tankane no når det skal feirast 160-årsjubileum for byen i tøffe tider for arbeidsmarkedet og offshorenæringa. 

Eit knippe pantesedlar, som kvar for seg kanskje kunne fortelja ei tøff kvardaghistorie