eg sit og ser på kjendisar og slikt
i blada som eg aldri heilt har likt
dei har som regel kropp som er perfekt
nett slik som meg, sku` tru me var i slekt!
(du skjønar vel at det var ironi
for kroppen min den sei kje` nettopp ti...)
(mer...)
Men kjære Jan, min gode venn,
går dette an? No får du skjenn!!
Ikkje nok med at du flytta
heimstad, skule, vener bytta.
I tillegg er (du slette tid!)
min kjære Jan snart høggravid!
Eg ville jo besøka deg
klappa deg på magen eg.
Men fire timars reise
det blir nok litt for heise
for ei sliten poetinne
sjølv om ho er di
(mer...)
får du noko under foten
spelar det inga rolle
om det er ris eller makaroni
det må vekk
(mer...)
eg las meg opp, eg las meg inn
eg las mitt hovud rundt i spinn
eg las dei andre heilt i senk
eg las i stol, ved bord, på benk
eg kjende bråten
(mer...)
 |
| Dagbladet, framside torsdag 27. oktober. |
Dette kan lesast som dikt, men kan òg syngjast på melodien som
Ylvis brukar på avslutningssongen sin i slutten av kvar sending...
Om du
(mer...)
Ho har høyrt om eit ellevilt sal!
Og då har han far ingen val...
Han lyt passa på
sine lovande små,
ellers blir nok den kvelden fatal...
(mer...)
eg kan
skriva dikt
gje ut bok
starta firma
men vil eg
høyra at
eg er verdas
beste kone
må eg laga
dei der
forbaska
kjøtkakene
Jadå, eg seier det med glimt
(mer...)
når tenåringsdottera di
står hylande i senga si
med peikefingeren opp i tak
held fast
(mer...)
(Mel: Vi lister oss så stilt på tå...)
(mer...)
utan deg
er livet
like grått
som ein dataskjerm
i tryggleiksmodus
tomt for spontane innfall
tømt for tomme truslar
fargelaust
kjedeleg
men med deg,
mi kjære, er livet meir lik ei
PCStyling Edge
(mer...)
nokon fekk reker hjå svigermor
nokon åt opp rekene nokon heiv restane
nokon bar rekebosset ut
(mer...)
eg høyrer nokon tuslar stilt
frå rom til rom på leit
ikkje etter mor, ånei!
eg trur nok at eg veit...
...at søtsakene minkar
i frå skåla på vårt bord
(mer...)
Eg har visst mange kjende,
no er mailen full igjen,
men kjære dr. Rehab
eg er slett ikkje din venn!
Du Regencia Mañana,
kvifor ynskja meg til lukke?
(mer...)
Lukk augene du vesle, og ver tålmodig stille,
så tel me høgfjellydar, dei ville og dei milde..
(mer...)
 |
| Men han har ikkje noko hjarte av stein, altså:) |
Eg har jo før òg snakka om min kjære bror, han "Knut",
fortalt at han kan mange ting, og ikkje ser så galen
(mer...)
I dag reiser me på ein ny tur med retro-campingvogna (skal ein spara
(mer...)
Ånei, den lyden vil eg ikkje
(mer...)
Du sende meg ei melding,
men får kje nåke svar,
før brått, långt øve midnatt,
(mer...)
 |
| Henta frå wikipedia.org |
Svigermor har fått ein flått!
Skrekk og gru, den sit visst godt...
(mer...)