Velkommen til Blopp

Nye bloggere kan melde seg inn her: Legg til blogg.
Blogfokus

Månedens bloggfokus: Anne Marie's Verden Jeg er ei vestlandsjente som er bosatt i Oslo.

Populære stikkord:

 
Twitter
Facebook

Under bordet



Sigurd ligg under bordet
og tenkjer på det beste som finst.
Sigurd ligg under bordet
og synest det er greitt å vere heilt minst.

Storesyster ho klemmer godt
og finn på alt mulig rart
Mamma tullar og kitlar litt
og pappen kjem heim snart!

(mer...)

Twitter
Facebook

Gratulerer med dagen!

 
Gratulerer med dagen!! Her har toåringen tjuvstarta 17.mai toget på eige vis... Men om ein halvtime brakar det laus heilt på skikkeleg. Me vaksne er i 17.mai-komitèen, så blir nok ein travel dag, men håpar me kjem vel i havn. Og de håpar eg de også gjer! Her

(mer...)

Twitter
Facebook

Pausedikt

det er mykje ein kan gjera
når programmet tar ein pause
kanskje nokon syr i
alle knappar som var lause?
andre finn seg mat og drikke
eller spring på do
nokon sit "på staden kvil"
spesielt om dei er to!
mange sjekkar facebook,
kva gjer andre på mon tru?
eg skreiv visst eit lite dikt
men du, kva gjorde du?

(mer...)

Twitter
Facebook

Bursdag

       vel vore                 men er framleis like          likevel
skulle          litt                                rotete       seier eg
                 klokare                     vimsete og        jo ikkje
            strukturert                 ubesluttsom        akkurat
      velformulert                som eg var                 neitakk
 ryddig og                      for eitt år
sjølvsikker i dag         sidan                                til kake!
Og sidan eg ikkje likar så godt å vera i fokus sjølv, kan eg i staden feira at eg et kake

(mer...)

Twitter
Facebook

Noko

når du søkjer etter noko
og finn noko anna
ta vare på det
kanskje det likevel
fører til noko
Dette kan nok også tolkast både hit og dit, og eg skal innrømma at eg skreiv det i ørska rett før eg sovna i går, og då eg

(mer...)

Twitter
Facebook

Jaja


eg sit og ser på kjendisar og slikt
i blada som eg aldri heilt har likt

dei har som regel kropp som er perfekt
nett slik som meg, sku` tru me var i slekt!

(du skjønar vel at det var ironi
for kroppen min den sei kje` nettopp ti...)

(mer...)

Twitter
Facebook

Tre bokstavar

kva gjer du den dagen
du innser at under gode og
dårlege unnskyldningar
sørgjande samvit
og utsette saker

ligg tre bokstavar
du eigentleg kanskje
har visst om
men vore for flau
til å lesa?

då stokkar du litt på dei
mannar deg opp og
overbeviser deg sjølv
om at du greier
ALT

(mer...)

Twitter
Facebook

Uverkeleg

Send en siste hilsen til Alexander Dale Oen her
 
 
det gjev så lite meining
er heilt utruleg trist
du hadde også gråte
om du berre hadde visst
 
kor mange som no sørgjer
på rekkje og på rad
men kanskje du òg ser det
i frå ein betre stad?
 
du burde framleis pusta
du hadde meir å gje
i

(mer...)

Twitter
Facebook

To sider


det nokon
synest er
ein uting

kan skapa
fryd og glede 
hjå ein luring

(mer...)

Twitter
Facebook

Frå sidelinja

det er heilt greitt å sitja og sjå
på alt dumme folk kan finna på

her ein dag så skubba nokon ein
ropa stygge ting, så guten grein

han låg der i ein skiten søledam
men ingen hjelpte han, å for ei skam!

ungar no til dags har ei forstand
no går det utfor med vårt flotte land

(mer...)

Twitter
Facebook

Tysdagsmantra

ingen andre treng å kreva
korleis du skal rettast leva
stå for det du høglytt seier
sei det heilt til andre teier
bryt opp dører, murar riv
for det gjeld ditt eige liv
 
Eg tek meg litt for ofte i å ikkje tora seia meininga mi, eller setja i gong med noko heilt på

(mer...)

Twitter
Facebook

Gamle?

Kva er meir naturleg enn at ein halvvegs ufokusert barnefot i eit tre, illustrerer eit dikt om dagar som har gått? (Fann i alle fall ingen betre...) 

det veks ikkje mose på dei
ikkje har dei rynker heller

(mer...)

Twitter
Facebook

det han tok

liva han tok var det verste
framtida deira fjerna
for alltid

utan å spørja
bombesikker i si sak:
det grusomme var nødvendig

(mer...)

Twitter
Facebook

I går

i går
fann eg ut
meininga med alt
berre så synd at eg
gløymte det
igjen
 
Ein sjeldan gong føler eg at eg får litt klarsyn. Ikkje at eg innbiller meg at eg er klarsynt altså. Men det dukkar opp nokon kloke stunder der eg føler eg tenkjer litt

(mer...)

Twitter
Facebook

Nettene



somme
stunder

kan dei
mørke nettene

vere vakrare
enn dagane

(mer...)

Twitter
Facebook

Himmelsyn og vinnardikt

Ja, skia er mine. Eg brukte dei til å koma meg opp til hytta. Og som bildemotiv medan eg sat i sola og dei andre gjekk på ski;) 


ein kan vera
langsynt
og nærsynt

(mer...)

Twitter
Facebook

Påskehelsing 2012

God påske til alle som ein
som er heime, på fjell og ved strand
til deg som i løypa er sein
og til dei som går stilt hand i hand

Appelsinrund og lysande gul
har ei usjenert, fin påskesol 
varma oss, men no er ho i skjul
likevel kan ho vera symbol

Og minna oss om Han som hang
 på krossen, tok allting på seg

(mer...)

Twitter
Facebook

Skrivetørke, påskeferie og diktkonkurranse


eg vrir og vrir
men ut så ploppar
berre tomme ord

klisjèar på klisjèar
om kjærleik
luft og jord

no hengjer eg
min hjerne stilt
til tørk og går på ski
(noko eg framleis ikkje likar, men av og til må ein visst

(mer...)

Twitter
Facebook

Tett?


                                     det finst
                                     mange
                                     måtar
                                   å sjekka ut om
                                   støvlane dine lek
Denne

(mer...)

Twitter
Facebook

Søndagstankar

 
 
dei fleste ynskjer å bli likt
har behov for å bli sett
ein treng å få bekrefta
at ein gjer noko rett
 
om eine dagen bugnar
av ros og gode ord
kan neste dagen vera grå
og skummel, stum og stor
 
men når så dette mørkret

(mer...)

Twitter
Facebook

Å dikta


du kan dikta deg til mot
du kan dikta deg til fant
du kan dikta om ditt rot
du kan dikta noko sant

dikt om ein som står deg nær
eller om ein hare
dikt om ei som du har kjær
og dagar som har fare

(mer...)

Twitter
Facebook

19. mars

nett ute frå dvalen
litt urven og grå

for å holda den talen
so ei venta på

den blir ikkje lång
da trur eg du veit

da blir ikkje sång
men da e kanskje greitt?

fø da eg vil seia
e rett i frå hjerta

eg kan ikkje teia
eg

(mer...)

Twitter
Facebook

Lei

det er ikkje alltid
så lurt å ver` grei

kjenner du at du
er frykteleg lei

bør du nok vera
ein smarting og sei:

eg orkar visst ikkje,
så: nei!
Me er vel mange som har

(mer...)

Twitter
Facebook

Slapp vs. sprek

Bilete lånt frå vg.no

når ikkje ein heilt
har styrken, motet
eller forma

til å koma
seg ut av

(mer...)

Twitter
Facebook

Grepet ditt

brukte lang tid
for å koma meg
ut av grepet ditt
 
berre for å finna ut
at eg aller helst vil
smyga meg inn att
Dette kan nok tolkast til å vere eit dikt som handlar om det å skiljast frå nokon

(mer...)

Twitter
Facebook

Skodda


famlande
i skodda

av ventande
gjeremål

motstridande
forventningar

treng ein stundom

(mer...)

Twitter
Facebook

Åleine


ikkje
syns så synd
på meg då

eg likar å
å vere litt åleine
inimellom eg

tenkja på det
tusen andre
har tenkt før

eller kanskje
berre
eg?

så lenge eg

(mer...)

Twitter
Facebook

Veslebror

verda var forvirrande
full av vanskelege val
så fall bitar brått på plass
og du vart heilt sentral

draumar, håp, forventningar
sparka, kitla innanfrå
storesyster strauk så lett
song til deg og venta på

ein ny ven, ein nydeleg
veslebror å leika med
pappa, mamma venta òg
me gleda oss jo alle tre

no ligg

(mer...)

Twitter
Facebook

Det er vår

lat sola få sleika dei sår
som vinteren laga i går

mens bekken den klukkar så klår
og hjartet litt fortare slår

varm jorda fram så alle forstår
at endeleg er det blitt vår

(mer...)

Twitter
Facebook

Vinterlukke?

vinter og snø
idyllen er total
sprakande peisglør
i hytta i ein dal

straum har me ikkje
men Å for ei lukke
eg kokar på primus
heilt utan å sukke

vatnet det må me visst
smelta frå snø
eg kokar og smeltar

(mer...)

Twitter
Facebook

Feriekrav

Nokon stikk avgårde med fly når dei har ferie, andre går turar og ser på tre;)
Jippi, endeleg ferie
og den skal utnyttast maks!
Eg skal glo på kvar einaste serie
og kosa meg som ein glad laks!

Unna meg snop

(mer...)

Twitter
Facebook

Orda



dei dansar
rundt

orda

andre sine
og mine

prøver eg
å gripa dei
endrar dei form

stundom
bit dei

andre gongar
luskar dei
i skuggane

får eg
ein sjeldan gong
tak i eit

veit eg ikkje
kva eg skal
gjera med det

eg trur det
var

(mer...)

Twitter
Facebook

Viktig jobb

Alle veit at doktoren
sin jobb er ytterst viktig
utan han så ville mange døy
det er heilt riktig

Men alle me som har
ein annan jobb, må hugsa på
at utan oss så ville ikkje
samfunnshjula gå

 
Ingeniøren, for eksempel
planla brua der
så den sku` halda mange år
og bera alle som fer der

Læraren sin jobb

(mer...)

Twitter
Facebook

Uten stil? (på dialekt)

andre kler seg stili
dille seg litt te
pynte seg med skjerf
og har so fine kle

mens eg går bort te skapet
hiv på meg da eg finn
gensar og ei buksa
før eg spring ut so ein vind

(mer...)

Twitter
Facebook

God venninne

ein ting er at du hjelper til
når me veldig ofte treng det
og alltid med eit smil

eller at du er ein god lyttar
som verkeleg bryr deg
og kjem med lure råd

men tenk at du faktisk slepp inn
utan at eg kjenner eg må unnskylda
alt rotet i stova mi

og at eg ikkje får dårleg samvit
når eg gløymer

(mer...)

Twitter
Facebook

Mamma


nokon kjem med spisse naser
nokon har ein munn som maser
nokon dreg på rumper store
nokon veit om alt du gjorde

nokon ler med tenn på tørk
ei er lys, ei anna mørk
gjer det nokon stor forskjel?
nei, ingenting av dette tel

det viktige er klemmane
varme ord som

(mer...)

Twitter
Facebook

Min

ein rosa snute
kitlar litt
når den rører
kinnet mitt

dei søteste føtene
eg har sett
svinsar grasiøst
og lett

runde auge
ser på meg
han er heime
endeleg

ein veldig tøff
og liten fyr

(mer...)

Twitter
Facebook

Trø inn

eg trør inn
i nye landskap
framande dufter
på ukjende vegar
 
smyg meg inn i
tankar og kroppar
opplever alt 
nært og sterkt
 
så trør eg ut att
set på tevatn
smørjer ei skive
snart klar for neste tur

(mer...)

Twitter
Facebook

Sparepengar, brukepengar

på madrassa blinkar det
eg sit og tel opp pengane
alt som eg har spart og fått
myntar, lappar, gult og blått

åtte nye gensarar
hundre rosa tyggisar
kanskje nye uteklede
eller minst ein barne-CD

men eg drøymer om, og trur
at eg vil ha eit hamsterbur
då blir dagen suveren
for inni er min nye ven
                                                                                                                           

(mer...)

Twitter
Facebook

Ny

Bilete henta her.
to brune auge flakkar lett
eit lite flyktig smil
ditt blikk er halvvegs spørjande
men eg har mine tvil

så altfor lett å tenkja
det er kje` opp til

(mer...)