Velkommen til Blopp | Nye bloggere kan melde seg inn her: Legg til blogg. |
|
Månedens bloggfokus: Anne Marie's Verden Jeg er ei vestlandsjente som er bosatt i Oslo. |
Då er innhaldet på både den engelskspråklege bloggen og Tanz kopiert over i ny heim.
Nybloggen har fått namnet Utsikt frå lia ~ View from the hillside. Me sjåast der.
Då er nyebloggen oppegåande nok til å bli presentert for verda. Den har fått namnet “Utsikt frå lia” og er å finne på url’en
Bloggen skal få ein ny heim, og bli tospråkleg. I løpet av nokre få dagar skal alt vere på plass, iallfall ifølge min kjære bloggvert. Ny adresse vert http://mostraum.no (trur eg iallfall)
Me sjåast der.
Fann dette memet hjå Mammaen og Havet som igjen fann det hjå Ida Jackson.
Ida Jackson posta ei utfordring til Internett om å redde Song for Eirabu. Den første boka i serien kom ut for eit par år sidan, fekk mykje god omtale, men selde ikkje stort. Den andre og siste boka kjem ut til sommaren, men blir trykt i eit veldig lite opplag. Utfordringa gjekk rett og slett ut på å redde Song for Eirabu med å forhåndsbestille bok 2 og sjølvsagt kjøpe bok 1
Mari på bloggen Flukten fra Virkeligheten heldt fram med sin gode søndagssmakebittradisjon som mange andre norske bokbloggarar tar del i. Under finn de mitt bidrag denne veka. Lenke til dei andre bidraga finn du på Flukten fra Virkeligheten.
Også denne veka kjem smakebiten frå ein gammal favoritt som eg las tilbake i 2009 ein gong, The Lies of Locke Lamora av Scott Lynch. Boka er
Det er blå himmel ute. Deilig.
Inne er det på tide med ein liten boksmakebit. Lenker til masse andre smakebitar finn de som vanleg hjå Mari på Flukten fra Virkeligheten.
Smakebiten min denne søndagen kjem frå Et hav av valmuer av Amitav Ghosh. Eg las den i 2010 og koste meg veldig med den. Den foregår hovudsakleg i India på 1830-talet og gjer eit innblikk i valmuedyrking, fattigdom og dei engelske koloniherrane si utnytting av landet, nett før opiumskrigen
Eg har lest Blodrød Vei (Blood Red Road) av Moira Young.
Eg likte den ganske godt, men syns ikkje den var supergod. Sidan eg både hadde ei norsk papirutgåve og ei engelsk kindleutgåve så blei det til at eg las den litt på begge språk. Omtalane er derfor og på begge språk. Dei kan de finne på engelsk på Mostraum Viewpoint og på norsk på
Vi har hatt ei hyggeleg helg med både to familiebesøk i går (bursdagskollisjon) og besøk frå familie i dag. Katten har igjen vore eksponert for ivrige ungar og har sovna i stolen, heilt utslitt. Menneska hans et is og skal til å sjå Castle på tv. I reklamepausane blir det litt bokblogging, og det første som skal bloggast om er smakebiten for veka. Mari har som vanleg ei oppsamlingsliste over smakebitar.
Denne veka kjem min smakebit frå boka
Søndagskvelden er her. Vi har hatt ei fin helg med nieser og nevøar på besøk. Katten er fullstendig utslitt etter all moroa og søv tungt i stolen sin og Kristin har vist seg som ein dyktig Settlers-spelar som har dominert spelet to gonger på rad.
Sidan det er søndagskveld er det også på tide med ein liten boksmakebit. På Mari sin blogg Flukten fra Virkeligheten er det som vanleg oppsamlingstad for alle smakebitane. Ta ein tur dit og sjekk
Mari sin blogg Flukten fra Virkeligheten heldt i år fram med den faste serien En smakebit på en søndag, og eg skal prøve å vere med så ofte eg kan.
I år har eg meldt meg på ei leseutfordring der eg skal lese minst 12 bøker innan science fiction og fantasy. Den første på lista mi er ein murstein ved navn Surface Detail av Iain M. Banks.
Her er ein liten smakebit frå byrjnga av kapittel 2:
For 2011 lagde eg meg ei liste med 10 lesemål. Slik har det gått:
1. Begynne på alle bøkene i skal-lesast-haugen, og la vere å fullføre bøker eg ikkje likar. Dette er jo ein del av lesarrettane, men eg treng ofte ei påminning.
Eg har fått unna ein god del av skal-lese-haugen, men ikkje alt. Til saman har eg lest 58 bøker.
2. Sjå mindre tv og lese meir
Ingen ubetinga suksess dette heller.
3. Lese minst 2 novellesamlingar – eg likar
Gåvene er opna og vi har hatt ei fin jul så langt. Håpar det heldt fram slik for alle.
Så, les gode bøker, ha det hyggeleg saman med kjekke menneske, drikk litt vin (eller la vere dersom du foretrekker det), et god mat og ha ei fortsatt god jul.
So read good books, enjoy good company, drink some wine (or not if that’s your fancy), eat good food and keep having a good christmas.
Solan – Call of the Wild/ Når villdyret våkner, a photo by Mostraum on Flickr.Vi bur i lag med ein stille og roleg ragdoll.
Tittel: Ikke rart det kommer kråker
Forfattar: Karine Nyborg
Sider: 134
Forlag: Aschehoug
År: 2010
For ca. 1 år sidan debuterte Karine Nyborg med novellesamlinga Ikke rart det kommer kråker, og eg begynte raskt å høyre/lese gode ting om den. Det var altså på tide å lese den.
Samlinga består av 11 nokså korte, men også intense noveller. Alle handlar om personar som på ein eller annan måte slit litt, utan
Det ser ut til at eg heldt fram med å lese ca. ei bok i veka, så i november har eg lest 5 bøker. Slik står det altså til med lesemåla for 2011
1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 2 av 5 denne månaden. Så, greit nok.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Eh, tja.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ja, no
Tittel: Frosset øyeblikk
Forfattar: Camilla Ceder
Forlag: Bokforlaget
År: 2011
Sider: 549
Eg fekk boka i gåve frå forlaget.
Åke Melkersson skal på jobb for siste gong før han går av med pensjon. På vegen får han biltrøbbel og køyrer innom ein lokal verkstad. Der oppdagar han eit ille tilredd lik, eigaren av verkstaden. Gøteborgspolitiet byrjar straks å etterforske saka, men ingen opplagte mistenkte er å finne. Så skjer det eit liknande
For eit tid sidan hadde Mari på bloggen Flukten fra Virkeligheten ei loddtrekning mellom lesarane sine. Eg var så heldig å vinne eit kjempesøtt boknerdsmykke og fleire bøker. Ei av bøkene er Blodrød Vei av Moira Young som eg er godt i gang med. Her kjem ein smakebit frå den:
Det er en strålende klar natt. Hesten nærmer seg. Beina dens kommer til syne. Jeg kan ikke se rytteren fra der
Eg har lest fagboka “Juks” av Erik Tunstad og syns den er ganske bra. Hovudomtalen min finn de på bibliotekarane på vidaregåande skular i Hordaland sin nye medieblogg LeseHorden.
For ei stund sidan fekk eg krimboka Frosset Øyeblikk av Camilla Ceder tilsendt frå Bokforlaget med spørsmål om eg ville lese den og skrive om den på bloggen. Sidan eg ikkje hadde tid til å starte på den akkurat då blei det til at Kristin leste den først. Så, idag debuterer Kristin som gjestebloggar på Tanz:
Gøteborgstraktene i jule- og nyttårshelgen 2006/07. Pensjonisten Åke Melkersson skal på verksted med bilen sin. På bilverkstedet
Av og til les eg faglitteratur, og no har eg nett starta på Eirik Tunstad si bok Juks : hvordan forskere svindler og hvorfor det ikke er så farlig.
Noen er alltid klar for å jukse – dersom anledningen bryr seg, eller omstendighetene krever det. Du finner dem overalt, blant fiskere, fotballspillere, forfattere, farmasøyter og funksjonærer. Konsekvensene av juks er bare så mye større når jukseren er forsker – sies
For nokre veker sidan fekk eg ei boke i gåve frå Bokforlaget, Frosset Øyeblikk av Camilla Ceder. Førebels har eg ikkje hatt tid å lese den, men i morgon tidleg skal den byrje å få vere med meg på bussen fram og tilbake på jobb, så då er vi i gang. Den ser iallfall spennande ut.
Bokomtalen kjem når eg er ferdig, men smakebit kan de få alt
Tittel: The Sense of an Ending
Forfattar: Julian Barnes
Utgjevar: Jonathan Cape
Utgåve: Innbunden
Sider: 150
Først utgitt: 2011
Sjanger: Mainstream
Terningen landa på: 5
Las eg heile?: Ja.
Likte eg omslaget?: Ikje noko særleg.
Kort oppsummering: Tony får ei uventa arv som gjer at han oppsøker folk frå fortida si for å fine ut kva som eigentleg hendte for feire år sidan.
I haust bestemte eg
Det ser ut til at eg heldt fram med å lese ca. ei bok i veka, så i oktober har eg lest 5 bøker. Slik står det altså til med lesemåla for 2011
1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 1 av 5 denne månaden. Ja, ja.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Eh, tja.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ja, no er
Ute er det vått, inne har pusen begynt å komme seg etter forhåpentlegvis siste operasjon nokonsinne, vi har besøkt mammo mi og Mari er vertinne for smakebitselskapet på bloggen Flukten fra virkeligheten.
Eg har ei liste over bøker eg har tenkt å lese i haust, så smakebiten i kveld kjem frå neste bok på lista; Pastworld av Ian Beck.
Finally their seat numbers were called
Tittel: The Night Circus (Nattens Sirkus) (Norsk utgåve er venta tidleg i 2012)
Forfattar: Erin Morgenstern
Forlag: Vintage digital
Utgåve: Kindle
Sider: 400
Først utgitt: 2011
Sjanger: Fantasy
Terningkast: 6
Las eg heile?: Ja, ja, ja!
Likar du omslaget?: Ja
Kort oppsummering: Historien om folka på og rundt Nattens Sirkus, det mest fantastiske sirkuset i heile verda og også åstaden for ein pågåande konkurranse mellom to mektige magikarar.
Du
Det er søndagskveld. Vi er barnevaktar for nokre av tantungane våre medan foreldra deira er ein velfortjent tur på kino. Elles har det skjedd litt forskjellig siste veka: Vi har seld eine bilen, vi har endeleg rydda vekk dungane med sommarkle og vaskemaskina har slutta å virke. Sukk. Håpar det er noko som går rimeleg greit å fikse.
Uansett, det er søndagskveld, og det er på tide med søndagssmakebit. Vertinne for selskapet er som vanleg Mari på Flukten fra Virkeligheten.
Tittel: Stuck Rubber Baby (Grafisk roman)
Forfattar Howard Cruse
Utgjevar: Vertigo
Utgåve: 2010
Sider: 210
Først utgitt: 1995
Terningen landa på: 6
Las eg heile?: Ja, å ja.
Likar eg omslaget?: Ja.
Kort oppsummering: Toland Polk er ein ung kvit mann som veks opp i dei rasedelte sørstatane på 60-talet. Han blir ein del av borgarrettrørsla samtidig som han gjer sitt beste for å ikkje innrømme for nokon, inkludert seg
Mari på Flukten fra virkeligheten er som vanleg vertinne for søndagssmakebitselskapet. Ta ein kikk der for å finne andre boksmakebitar.
Min smakebit kjem frå The Night Circus av Erin Morgenstern. Akkurat her er eg no:
The rooms hidden behind the multitude of tents in Le Cirque des Rêves are a stark contrast to the black and white of the circus. Alive with color. Warm with glowing
Tittel: Trapped
Forfattar: Michael Northrop
Forlag: Scholastic Press
Utgåve: Innbunden
Pages: 240
Utgitt: 2011
Sjanger: Ungdomsbok
The dice landed on: 3
Las eg heile boka?: Ja
Likte eg omslaget?: Ja, det er kjempfint.
Oppsummering i ein setning: 7 ungdommar sit fast på skulen medan snøen lavar ned og legg seg i stadig høgre haugar utanfor.
Sidan boka ikkje er omsett til norsk så er hovudomtalen som vanleg å finne på
Enligt O har utfordra sine lesarar til å svare på korleis lesevanane deira er i ein morsom liten “snabbenkät”, som svenskane så fint kallar det. Eg fann den hjå Bai på Boklesebloggen min.
Hur är du som läsare? (det som stemmer mest er utheva, nokre plassar er alt utheva og beslutningsvegringa vann)
snabb långsam
läser alla ord skummar en del
gillar långa beskrivningar hoppar över det

See more comics from Calamities of
For nokre dagar sidan fekk vi nokre bokhyller som vi bestilte for ei tid sidan. Dei siste dagane har derfor stort sett gått med til å flytte rundt på og prøve å organisere bøkene våre litt betre. Nokre av bøkene får no sin faste plass i nyinnkjøpte hyller medan andre blir flytta til nye midlertidige heimar i påvente av fleire bokhyller som er i bestilling. Eit lite logistisk mareritt alt saman.
Innimellom blir det også litt boklesing, så no er
Jellicoe Road er ei veldig bra, australsk ungdomsbok der Melina Marchetta vev saman to historiar på ein aldeles utmerka måte.
Dessverre er den ikkje omsett til norsk (ei av hennar andre bøker er omsett, så det er håp), så hovudomtalen er å finne på Mostraum Viewpoint.
September har vore ein grei lesemånad. 6 bøker er ikkje kjempeimponerande, men greit nok. Så no står det slik til med lesemåla for 2011
1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 3 av 6 bøker denne månaden kom derifrå, så det er greit.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Har lykkast sånn delvis med det.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ja, no
Søndagskvelden er her. På TV-en er det Kennedyfamilien som styrer, på sofaen ligg den rekonvalesente katten med hoppeforbud og under pc’ane er Kristin og meg. Det er altså på tide med ein søndagssmakebit. Oppsamlinga av søndagssmakebitane er som vanleg å finne hjå Mari på Flukten fra Virkeligheten.
Smakebiten denne veka kjem frå ei grafisk roman, Stuck Rubber Baby av Howard Cruse. Det er ein sterk
Akkurat no er bussturane mine fulle av computerhacking. Brain Jack handlar om tenåringen Sam, og hacking er hans greie.
Right now, as you read this prologue, I am sifting through the contents of your computer. Yes, your computer. You. The one holding the book.
Nok til å gjere ein vilken som helst kindlelesar nervøs dette.
Kasiopeiias bøker starta dette i Norge, ta ein kikk på hennar
Konstrastfylt dag dette.
Det gode::
Europa vann Solheim Cup! Jippi!!!
Gratulerer med seieren til dei europeiske jentene og takk til dei og dei amerikanske jentene for ei flott turnering. Turneringa enda 15-13. Det var nervepirrande og eg skulle gjerne sett meir av det, men så hendte dette:
Det ikkje-så-gode:
Solan bestemte seg for å ta endå ein tur på altanrekkverket, og gjorde oss meir og meir nervøse med å hoppe opp igjen kvar